Frå Enøk til lærlingar hjå Hovden rørleggerservice

Bykle-ordførar Hans Blattmann og varaordførar Merethe Hjemdahl vitja nyleg Hovden rørleggerservice og Kiwi på Hovden saman med næringsavdelinga i kommunen. Mange tema vart drøfta.

I Hovden rørleggerservice kom fort temaet lærlingar på banen. Slike må ein halde på, som viktig rekruttering og kompetanse til lokalt næringsliv. Ein kom også innom mellom anna opningstider for næringslivet på Tykkås, og ikkje minst den papirmølla små verksemder kan måtte bale med i høve nye oppdrag. 

Positive til samarbeid

Det kom positive signal frå verksemda med tanke på samarbeid med Bykle kommune om rekrutteringstiltak.

– Så gler det meg at dei melder om god ordretilgang. Me drøfta også Enøk-midlar. Handsaminga av søknader og nye rundar blir no straks gjennomført, seier ordførar Hans Blattmann.