Frå årsrekneskap til Setesdal brannvesen IKS i Bykle kommunestyre

Under kommunestyremøtet i Bykle i slutten av mai vart årsrekneskapen for 2023 lagt fram. Den viste eit driftsresultat på vel 96 mill. kr. 

Kommunestyret i Bykle samla seg i slutten av mai. Her frå april-møtet. - Klikk for stort bileteKommunestyret i Bykle samla seg i slutten av mai. Her frå april-møtet.

Dei folkevalde skulle handsame budsjettauke for Setesdal brannvesen IKS, som har varsla ei auke som for Bykle kommune sin del utgjer vel 1,1 mill. kr. i år. Kommunestyret vedtok at før ein tar endeleg stilling til saka må IKS-et gå kritisk gjennom budsjett og økonomiske føresetnader og sjå om det er råd å finne tiltak som kan redusere kostnader eller auke inntekter.

2 mill. til sykkelveg

Eit samrøystes kommunestyre gjekk inn for å sette av 2 mill. kr. som tilskot til Statens vegvesen for å få på plass gang- og sykkelveg i Byklebakkane. Dei folkevalde sa også ja til 1,25 mill. kr. til sykkelrute/grusa veg Byklestøylane nord-Hoslemo. For å halde framdrift i prosjektet med mogleg etablering av nye hybelbygg for Hovden skigymnas løyver Bykle kommune inntil 1,8 mill. kr. til gransking av kulturminne på den aktuelle tomta i Skulevegen.