Førskuleborna i Bykle kommune med øvingar på å bli trygge i vatn
Kvar haust får alle førskuleborn i Bykle kommune trent seg både på å vere i vatn, og ikkje minst å vere trygge i det våte elementet.
Alle foto Bykle kommune
Dei tilsette er godt rusta med både livredningskurs og førstehjelpskurs, og no har også bilane ein nyttar i transporten nye bilsete på plass så alt ligg til rette for trygg og god læring i vatnet for borna.
Viktig og morosamt
At dette er eit viktig tiltak forstår alle - og med den rutinen som er bygt opp av dei som står for treninga ligg alt til rette for viltre krabatar i trygg og morosam vassleik!


Publisert 26.09.2025 10:17
Sist endra 26.09.2025 10:17