Forbod mot saltsteinar og foring av hjortevilt
Som eitt av fleire tiltak for å hindre spreiing av CWD vart det i 2016 vedteke forbod mot foring og bruk av slikkestein til hjortevilt landet rundt. Bykle Viltutval minner alle om at vedtaket framleis gjeld.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 28.10.2025 09:01
Sist endra 28.10.2025 09:01

CWD, eller skrantesjuke som det blir kalla, er eit trugsmål mot dyra, og noko som blir bekjempa med ulike tiltak. Eitt av dei er altså forbodet mot saltstein og foring av hjortevilt. Bykle Viltutval seier at dei stør tiltaka og kampen mot sjukdomen.
– Vårt felles mål er å forvalte hjorteviltet i friske og livskraftige, naturlege bestandar. Det bør ein greie utan saltstein og ekstraforing. Under ekstreme forhold der viltet svelt på grunn av mykje snø, ising og vanskeleg framkomelegheit, er det opna for å gje løyve til tilleggsforing for å sikre god dyrevelferd. Slikt løyve er det Mattilsynet som kan gje, skriv viltutvalet i ein uttale.