Folkevalde og administrasjon i Bykle kommune fekk opplæring i plan- og bygningsrett

Nyleg samla folkevalde i Bykle kommune seg til politikarskule med plan- og bygningsrett som tema.

Folkevalde og administrasjon i Bykle kommune fekk opplæring om plan- og bygningslova. - Klikk for stort bileteFolkevalde og administrasjon i Bykle kommune fekk opplæring om plan- og bygningslova. Ole Birger Lien

Dei sat ein heil dag samla på Bykle hotell med eit opplegg frå selskapet Holth & Winge og plansjef i Bykle kommune, Signe Sollien Haugå. Kurset var delt inn i fire hovudbolkar med kvar sitt hovudtema: forvaltningsrett, planprosessar, arealplanar og byggjetillatelsar og dispensasjon. Med ei blanding av foredrag og drøftingar både i plenum og i grupper gjekk deltakarane inn i ein materie som kan vere tung viss ein ikkje har fått ei viss grad av opplæring.

Skiljet mellom jus og politikk

Av område ein såg nærare på gjennom dagen var skiljet mellom jus og politikk, prosesskrav og innhald med tanke på rullering av kommuneplanen og tolkning og rettsverknad av arealplanar. Dispensasjon var eit eige tema, og ein gjekk grundig inn i prosessane knytta til oppheving og endring av vedtekne planar.

– Ein nyttig dag både for administrasjon og dei folkevalde. Det var godt engasjement, seier plansjef i Bykle kommune, Signe Sollien Haugå.

Ho strekar under at det for alle er avgjerande med oppdatering med tanke på gjeldande lovverk, og endringar.

– Ikkje minst er Fredrik Holth frå Holth & Winge god på å svare ut der og då. Det gjev mykje kompetanseheving, seier Sollien Haugå.

Fredrik Holth kursa i plan- og bygningsrett, og vart takka av for solid innsats av varaordførar Merethe Hjemdahl. - Klikk for stort bileteFredrik Holth kursa i plan- og bygningsrett, og vart takka av for solid innsats av varaordførar Merethe Hjemdahl.Mange fekk temadagen i Bykle hotell med seg. - Klikk for stort bileteMange fekk temadagen i Bykle hotell med seg. Ole Birger Lien