Flyktningane frå Ukraina treng språk- og arbeidstrening

Bykle kommune oppmodar no lokalt næringsliv til å ta inn ukrainske flyktningar i praksisplass slik at dei får språk- og arbeidstrening.

Det har kome mange flyktningar frå Ukraina siden krigen starta. Dei er avhengige av praksisplassar i næringslivet både for å trene seg på norsk og få eit innblikk i lokalt arbeidsliv. - Klikk for stort bileteDet har kome mange flyktningar frå Ukraina siden krigen starta. Dei er avhengige av praksisplassar i næringslivet både for å trene seg på norsk og få eit innblikk i lokalt arbeidsliv. Ole Birger Lien

Dette gjeld ukrainarar som går på norskopplæring tre dagar i veka og som skal ha språk- og arbeidstrening tysdagar og fredagar. Flesteparten av dei kan litt norsk, men treng altså å lære meir. 

– For meir informasjon kan aktuelle verksemder kontakte flyktningetenesta ved Sigrid Bjørgum, seier leiar flyktningetenesta Anna Lise Pedersen Væting.

Sigrid Bjørgum kan ein nå på e-post HER eller på tlf 95807743