Flott opningshelg for Hovden Fjellbad!
Folk gav seg ende over av begeistring då nye Hovden badeland, Hovden Fjellbad, opna i helga. Med alt frå 25-meters banar til stupetårn vart det ei opningshelg der både store og små fekk boltre seg!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 29.09.2025 11:06
Sist endra 29.09.2025 11:06
"Dødsing" i Hovden Fjellbad!
Signe Sollien Haugå
Frå ordførar Hans Blattmann tok seg av den høgtidelege opninga til omvisning og ikkje minst “dødsing” i bassenget - opninga av Hovden Fjellbad vart akkurat som anlegget - spektakulært. Styreleiar i Bykle og Hovden vekst (BHV), Arve Andersson, fekk kyt for gjennomføringa av attraksjonsutviklinga og det han og styret gjer innanfor drift, eigedoms- og næringsutvikling på vegne av Bykle kommune. Nestleiar i BHV, Eivind Buckner, som har koordinert byggjeprosjektet i lag med styreleiar og dagleg leiar, det danske arkitektkontoret ALL og entreprenør BRG, retta ei spesiell takk til dagleg badeleiar Torvald Gautland - som fekk kyt frå mange! Festprogrammet vart leia av konferansier Ole P. Bruun.
“Dødsing” og medalje
Ungdom frå Hovden sportsklubb og Hovden skigymnas bokstaveleg tala kasta seg ut i det med “dødsing” frå stupetårna - og under samankomsten laurdag gav Arve Andersson Noregs Vel sin fortenestemedalje til Maria Moen for lang og tru teneste ved badeanlegget - ho har vore tilsett heilt sidan opninga av Hovden badeland for 30 år sidan! Ein innhaldsrik forfest fredag og ein tettpakka dag i anlegget laurdag gav både bygdefolk og hyttefolk mykje å sjå fram til. Mange hundre menneske var innom laurdag. Hovden Fjellbad blir ein slagar øvst i Setesdal!