Flott førjolsavslutning på skulane i Bykle

Siste onsdagen før jol møtte store og små opp til bygdefest i Bykle. Skulane og elevane i kommunen stod bak det meste som gjekk føre seg, og kosta på seg ein festdag dagen etter før jolefreden skulle senke seg!

Skuleavslutning i Bykle før jola 2023. - Klikk for stort bileteSkuleavslutning i Bykle før jola 2023.

Dei koste seg med Disney-filmar, både elevar og tilsette deltok i samankomsten. Thor Bernhard Sagland tok seg av jolegudstenesta, og det vart tid til både jolegraut og quiz. Frå både tilsette og elevar vart det sendt melding ut til fastbuande og hyttefolk: God jol og godt nytt år!

Så kan det vere greitt å minne om at første skuledag etter jol er onsdag 3. januar klokka 08.30 - men SFO opnar alt 2. januar klokka 06.45!