Flott 1. klasse i Bykle!

Ein liten men flott 1. klasse har kome i gang med skulelivet ved Bykle barne- og ungdomsskule!

Bykle barne- og ungdomsskule

Om dei bare er to elevar er det i alle fall sikkert at her har me born som kjem til ein skule med alle mogelegheiter! Så tar det sikkert litt tid å kome i gang og bli vand med det travle skulelivet - Victoria Linnea Tanilon Nesland og Såvi Sigmundson Trydal, på biletet med lærar Marta Martinsen Hovden, er i alle fall i full sving!