Ferdig med å skilte Vikingvegen på Hovden - høyr om prosjektet på kulturkafé i Bykle onsdag 22. november!

I eit samarbeid mellom kultur og fritid i Bykle kommune og Destinasjon Hovden er no vegen frå Hegni og opp turvegen til det gamle høgfjellshotellet på Hovden ferdig. Skilta fortel historien om jernutvinninga, og stien har fått namnet Vikingvegen.

Skilt Vikingvegen - Klikk for stort bileteLeiar kultur og fritid i Bykle kommune, Helga Jacobsen (t.v.) og dagleg leiar i Destinasjon Hovden, Unn Hovden.

Namnet vart Vikingvegen fordi vikingetida er den mest sentrale tidsepoken i historien ein får innblikk i. Prosjektet består altså av oppgraderte og endå meir informerande skilt om jernutvinninga og historien i området. 

- Bykle kommune sin tusenårsstad er også lagt inn som del av ruta, med informasjon om skulpturen og "minimuseet" ytst på moloen i Hegni, seier dagleg leiar i Destinasjon Hovden, Unn Hovden.

Tre kilometer

Vikingvegen er ein tre kilometer lang grusveg langs Otra. Langs vegen kan ein no lese om synlege fortidsminne frå jernutvinninga for om lag 1000 år sidan.

- Også annan historie som har prega Hovden i gamal og nyare tid er med. Villreinen, som var årsaka til at folk trekte til fjells etter siste istid, og som la livsgrunnlaget for folk heilt fram mot i dag, har også fått sin plass, seier leiar kultur og fritid i Bykle kommune, Helga Jacobsen.

Ho legg til at historien kring tamreindrift, vasskraft og kulturminne i høgfjellet er ein viktig del av alt saman.

Har teke tid

Vikingvegen - Klikk for stort bileteVikingvegen.

Det er eit stort arbeid som ligg bak informasjonen ein no kan lese på skilta langs Vikingvegen. Det har blitt brukt tid både på historie og arkeologi, og design og språk. 

- Me er veldig nøgde med jobben Destinasjon Hovden har gjort og samarbeidet me har hatt. Her er lagt ned mange timar og også mykje frivillig innsats! Det er ein formidabel jobb dei har stått for, seier Helga Jacobsen.

Ljosløype vinterstid

Vinterstid er det ljosløype i same trasé, og den sørlegaste delen av turen er lagt til rette som VindterVandreVeg - det vil seie at ein også kan gå til fots med sko eller truger. For den som vil vite meir om prosjektet, skiltinga og Vikingvegen er kulturkaféen i Bykle samfunnshus 22. november staden å møte opp. Då kjem Unn Hovden for å fortelje om prosjektet.