Feira eittårsjubileum for Bykle vaskeri!

Onsdag var det stor feiring for eittåringen Bykle vaskeri. Tilsette, kundar og andre interesserte samla seg til festtalar og kake i vaskeriet.

Samla til eittårsjubileum for Bykle vaskeri. Frå venstre: Bykle-ordførar Hans Blattmann, driftsleiar i Bykle vaskeri Åshild Bryggeså og prosjektleiar i Brynje-prosjektet Vidar Mortensen. Ole Birger Lien

Den Bykle kommune-initierte satsinga som resulterte i Bykle vaskeri er eit samarbeid mellom kommunen, Setpro og NAV. Formålet med prosjektet er å redusere sosial ulikskap og utanforskap. Bykle vaskeri har i første omgang tatt seg av vasken for Bykle sjukeheim, men nyleg fekk verksemda også ein avtale om å vaske for Bykle hotell på plass. Bykle vaskeri er del av Brynje-prosjektet, som er treårig med eit budsjett på tre mill. kr.

– Viktig verksemd

Ordførar Hans Blattmann la ikkje skjul på at han gledde seg over feiringa.

– Det var veldig moro å vere med på opninga for eitt år sidan, og det er moro å stå her i dag. Dei tilsette og teamet bak her er ein flott gjeng, og denne verksemda er eit godt døme på at me må ha fokus på det me kan gjere noko med, og framsnakke det me får til, sa han.

Blattmann streka under at framsnakking byggjer opp, baksnakking tvert om.

– Så er det flott å sjå at vaskeriet no også har fått sin første kommersielle kunde i Bykle hotell. Avtalen betyr også at hotellet slepp å shippe vasken til byen, så her snakkar me om berekraft. Kanskje dette bare er starten? Her bør fleire verksemder sjå mogelegheitane, sa ordføraren.

Etter talen la folk i seg av kake og kaffi, og dei som ville det fekk omvisning i vaskeriet av driftsleiar Åshild Bryggeså.