Fastbuande kan bruke buldreveggen i Hovden grendehus også i helgene
Alle fastbuande i Bykle kommune kan tinge seg klatretid i buldreveggen i Hovden grendehus i helgene.
Buldreveggen i Hovden grendehus kan bookast også i helgene av fastbuande i Bykle kommune.
Ole Birger Lien
Det er resepsjonen i grendehuset som har kontroll på bookingane, så viss ein ringer 90216856 får ein hjelp. Opningstidene i grendehuset er måndag-torsdag 08-21, og fredag 08-16. I feriane er opningstida måndag-fredag 08-16.
Publisert 17.01.2024 10:14
Sist endra 17.01.2024 10:14