Fastbuande born og vaksne i Bykle kommune får sponsa sesongkort i alpinsenteret
Som eit samarbeid mellom Hovden alpinsenter og Bykle kommune får born og vaksne som er fast busette i kommunen kjøpe sesongkort til alpinsenteret til rabaterte prisar.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 03.12.2024 09:53
Sist endra 04.12.2024 15:01

Vaksne som er folkeregistrerte i Bykle kommune får 30% rabatt på sesongkort og årskort.
Kampanjekoden er: lokalkampanje 24
Born og unge - det vil seie born frå 7 år og til 18 år - slepp unna med ein eigenandel på 200 kr. Den same kampanjekoden gjeld som for vaksne.
HER kan ein tinge seg sesongkort.
Fristen er 10. desember.
Viss ein har spørsmål kan ein sende dei på epost HIT
-----
Vaksne med inntekt under 4G, kan søke kommunen om 20% rabatt i tillegg - Send søknad med lønsslipp og kvittering her.