Fargesprakande nattehimmel over Setesdal

Natt til fredag var det beint fram eit skode på nattehimmelen over Setesdal og det meste av landsdelen. Nordljoset bukta seg over himmelkvelvinga!

Fargesprakande nattehimmel over Setesdal natt til fredag. - Klikk for stort bileteFargesprakande nattehimmel over Setesdal natt til fredag. Ole Birger Lien

Flaks var det også at det var såpass mykje klarvér at mange kunne få nordljoset med seg. Over bygd og by spreidde fargane seg, og aller klårast var nok ljoset der det var få ljoskjelder elles.

Aurora polaris

Veit du kva nordljos er? Aurora polaris, som det heiter, er eit fysisk fenomen som skjer når solvindane er kraftigare enn vanleg, med store, elektriske landningar som slynger elektrisk lada partiklar mot jorda. Partiklane er elektron og proton.  Desse dannar ljos når dei kolliderer med gassane i atmosfæra. 

Blir forska på

Nordljoset finn ein mellom 90 og 500 km over bakken.  Nordljoset inneheld ikkje alle fargar i fargespekteret, og kva farge som blir danna kjem an på høgda over bakken. Det blir forska på nordsljos mellom anna på Andøya Space Center.

Vil du vite meir? Les om nordljos HER