Får pengar til meir symjeopplæring i Bykle-barnehagane

Barnehagane i Bykle kommune har tidlegare søkt om og fått tilskot frå Statsforvaltaren i Agder til symjetrening for borna. No er ny tilskotsrunde klar, og Bykle-barnehagane får midlar også til neste barnehageår.

I alt kring 37.000 kr. får barnehagane i Bykle kommune til vidare satsing på symjeopplæring. Barnehageleiar Caroline Rysstad er svært nøgd med tildelinga.

– Tidlegare midlar har me brukt mellom anna til innkjøp av våtdrakter og redningsutstyr. Me har også sendt ein tilsett på etterutdanning ved Universitetet i Agder, seier ho.

Bilseter

Noko av midlane for neste barnehageår skal brukast til nye bilsete for å frakte borna fram og tilbake til symjetreningane, og elles skal tilskotet brukast i det vidare arbeidet med å gjere dei yngste vande med og trygge i vatn.