Evaluerer overgang frå Setesdal IKT til IKT Agder

Alt av datasystem i Bykle kommune har blitt drifta av Setesdal IKT. Helga 7.- 9. juni skulle alt overførast til IKT Agder, ein prosess som skapte ein del utfordringar i kommunen. Torsdag 13. juni blir overgangen evaluert.

Evaluering etter overgang til IKT Agder i Bykle kommune. - Klikk for stort bileteEvaluering etter overgang til IKT Agder i Bykle kommune. Ole Birger Lien

I kommunestyresalen i Bykle rådhus sit sentrale personar i kriseleiing og støtteapparat i kommunen saman med representantar frå IKT Agder. Måndag 10. juni “havarerte” dei fleste datasystem i Bykle kommune. E-postar som vart sendt inn den helga forsvann, fagsystem datt ut - og i Bykle kommune samla sentrale personar seg og loggførte grundig og fortløpande situasjonen.

Ikkje alt på stell enno

I kommunestyresalen torsdag skal ein både gå gjennom det som har skjedd, skaffe status om situasjonen no - og finne vegen vidare. IKT Agder har alt slege fast at her må ein ta steg for steg, for alt av system må sjølvsagt opp att.

– Ei heilt avgjerande evaluering. Det må ryddast opp. Slik drift av kommunar er i dag, er ein heilt avhengig av at datasystema fungerer. Dette handlar også om beredskap. Eg er difor glad for at me kan kome i gang med ei evaluering alt i dag, seier kommunedirektør og beredskapsansvarleg i Bykle kommune, Karina Sloth.