Etablerer besøksteneste i Bykle frå hausten av

Raudekrossen i Agder i samarbeid med Brynjeprosjektet i Bykle og Bykle frivilligsentral etablerer besøksteneste øvst i dalen frå hausten av.

Vidar Mortensen i Brynjeprosjektet og Merete Egeland i Bykle frivilligsentral håpar mange vil kurse seg til besøksven. - Klikk for stort bileteVidar Mortensen i Brynjeprosjektet og Merete Egeland i Bykle frivilligsentral håpar mange vil kurse seg til besøksven.

For mange er einsemd eit stort og alvorleg problem. I Bykle som alle andre stader finst det menneske som ikkje har det nettverket me alle bør ha, og difor ikkje får dekka det sosiale behovet. Einsemd er eit samfunnsproblem, og i Bykle kommune ynskjer ein å gjere det ein kan for å motarbeide dette.

– Det er nettopp det me tar på alvor. Med litt innsats frå engasjerte menneske kan mange oppleve ein ny kvardag og eit meir innhaldsrikt liv, seier leiar i Brynjeprosjektet, Vidar Mortensen.

Vil ha frivillige

Satsinga har no kome så langt at ein er ute etter frivillige besøksvener.  Det blir skipa til kurs i Hovden grendehus 11. september klokka 18.

– Raudekrossen intervjuar, kursar og godkjenner alle nye besøksvener. På kurset får ein ei grundig orientering om kva det betyr å vere besøksven, og røynde frivillige fortel om korleis dei opplever oppgåvene, seier Mortensen.

Han er klar på at det skal vere råd å vere besøksven også om ein i utgangspunktet har det travelt i kvardagen.

– Me kan kome opp med ulike løysingar så ein kan få kabalen til å gå opp.  Ein kan gå på ei oppgåve som dette aleine, men også som par eller vener. Det viktigaste er at me får inn folk så me kan kome i gang med det viktige tilbodet, strekar Mortensen under.

For den som vil vite meir og melde seg interessert er denne lenka vegen å gå: linkvelger://4194/