Endeleg vedteken samfunnsdel av kommuneplanen i Bykle
No kan ein inn og sjå endeleg vedteken samfunnsdel av kommuneplanen i Bykle kommune. Gjennom planen har kommunestyret sett retning og ambisjonar for korleis kommunen skal utvikle seg komande periode.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 21.11.2024 10:06
Sist endra 21.11.2024 10:06

– Planen legg til grunn både det nasjonale og regionale rammeverket, strategiske satsingar og samhandling med private og offentlege aktørar. Prioriterte satsingsområde er kvalitet i kommunale tenester tilpassa framtida, stadutvikling i Bykle, destinasjons- og sentrumsutvikling på Hovden og eit meir variert næringsliv. Kommuneplanen er det viktigaste styringsdokumentet for kommunen i åra som kjem, og den legg rammene for kva ein skal prioritere å arbeide med framover. Planen har i seg ein arealstrategi som gir føringar for arbeidet med ny arealdel til kommuneplan, som så vidt har kome i gang, seier kommunedirektør Karina Sloth.
– Det artigaste med heile arbeidet var det politiske engasjementet og korleis dei folkevalde vart samde om satsingar! Eg er trygg på at dei har eigarskapet til planen, og at det er forventningar til at det er dette vi skal arbeide med å oppfylle i åra som kjem, seier plansjef i Bykle kommune, Signe Sollien Haugå.
Her er den vedteke samfunnsdelen av kommuneplanen 2024 (PDF, 5 MB)
Her er saksprotokollen frå den politiske handsaminga (PDF, 134 kB)