Elevar frå Bykle og Hovden "sprang for livet" til inntekt for TV-aksjonen!

Det vart lagt ned mang ein kilometer med solid innsats då skuleelevane i Bykle og Hovden samla seg ved skulen i Bykle onsdag og “sprang for livet” til inntekt for TV-aksjonen sundag 19. oktober.

I ein heil klokketime sprang dei, med ordførar Hans Blattmann som “lokal stjerne” (eigentleg er det borna som er stjernene..), og med tilsette og heiagjengar som støtteapparat. Via spleis og sponsing frå familie og vener samla elevane inn heile 67.000 kr. på same stuntet til TV-aksjonen i fjor - i år var målet sjølvsagt å toppe dette!

– Er de klare? ropte rektor Lars Erik Domaas.

– Ja! kom det unisont frå flokken, som la i veg så det lukta svidd.

Etter springinga var det samling med saft og pylser til alle - og ein verkeleg god dag til innsats for dei som treng hjelp var i boks!

Vil du støtte elevane si innsamling? HER er lenke til spleisen.

Etter springinga venta pylser og saft - og eit ivrig støtteapparat. Ole Birger Lien