Ein dag for borns oppvekst i soknehuset på Rysstad 15. november
Med arrangementet “It takes a village” skal det handle om born og oppvekstvilkår i soknehuset på Rysstad laurdag 15. november. Tilskipinga er ei vidareføring av det ein kalla foreldrefestivalen i fjor.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 21.10.2025 10:54
Sist endra 21.10.2025 10:54

Festivaldagen i soknehuset samlar mange av dei som bryr seg om born og oppvekstvilkår: foreldre, besteforeldre, frivillige og fagfolk frå ulike felt. Målet er å dele kunnskap, skape refleksjon og styrke den lokale fellesskapen som gjev gode vilkår for borna.
Om dei små handlingane
I første bolk tar foredragshaldar Siri Abrahamsen for seg dei små handlingane som kan gjere ein stor skilnad. Kva betyr dei små handlingane når me møtest? Utgangspunktet er at mellommenneskelege møte kan lyfte eller tynge, og at det er viktig å vere medviten på dette. Neste ut er folkehelsedirektør Vegard Nilsen, som tar for seg ein del av det som legg til rette for god utvikling. Svevn, kosthald, relasjonar og sosiale ferdigheiter - kva legg me vekt på? Kva går under radaren?
Robuste born
Med bakgrunn i ekspedisjonar, naturterapi og formidling fortel Alexander Read (Kjend frå Mina og meg, TV2) om korleis naturen kan nyttast som verktøy for å byggje livsrobustheit, styrke relasjonar og utvikle indre styrke. I tillegg til alt dette blir det open barnehage i Hylestad og det kan bli fleire spennande aktivitetar for borna i løpet av dagen.