Dugnaden på Hegni var stor suksess!

Dugnaden på friluftsområdet Hegni på Hovden like før nasjonaldagen var ein så stor suksess at no blir det snart skipa til ein ny runde!

Full innsats på Hegni like før 17. mai. Bykle kommune

Fagleiar Bykle Frivilligsentral, Stine Rambekk Gulowsen, er strålande nøgd etter dugnadsdagen.

– Godt oppmøte, god innsats og god stemning, slår ho fast.

I finveret vart det gjort mykje, og i tillegg var det tid til både pylser og kake. 

– Det er alt fint og rydda på Hegni, men me vil alt no seie at me skipar til ny dugnad, seier Rambekk Gulowsen.