Dommelidei i Fjellgardane barnehage
Nyleg vitja Inger Lise Stulien Robstad og Anna Slaby Fjellgardane barnehage på Hovden som del av Dommelidei-satsinga.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 16.05.2025 17:57
Sist endra 16.05.2025 17:57

Gorrlaus er eit opplæringsprosjekt i folkemusikk og -dans for barnehagane og skulane i Bygland, Valle og Bykle kommune, med mål om å lære elevane om eigen kultur, gjere dei stolte av eigen identitet og kulturarv; at den oppveksande generasjonen kan danse setesdalsgangar, dikte i stevform, kan stevtonar, og har kjennskap til hardingfele- og munnharpetradisjonen i Setesdal.
Tilbod for barnehagane
Dommelidei er Gorrlaus sitt tilbod for barnehagane og småskulen i øvre Setesdal. Det vart laga ei stevbok av Kirsten Bråten Berg (red.) i samarbeid med barneskulane Hylestad, Bykle og Bygland. Harald Knutsen i Agder folkemusikkarkiv gjorde opptak på skulane i opplæringsperioden og hjalp til med gamle opptak fra arkivet. På Fjellgardane barnehage vart det musikalsk moro med små tilhøyrarar fulle av musikalsk glede!