Direktoratet for sikkerheit og beredskap meiner heimeberedskapen bør skjerpast

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) kjem no med eit forslag som skal ut på høyring, og som kan bety ei skjerping av råd om eigenberedskap.

Eit utval av det du må ha i beredskapslageret heime - Klikk for stort bileteEit utval av det du må ha i beredskapslageret heime Ole Birger Lien

Viss råda blir endra betyr det at kvar einaste nordmann bør ha vatn, proviant og anna vesentleg utstyr heime til å klare seg i ei veke. Fram til no har rådet vore å ha liggjande nok av alt for tre dagar.

- Det er ikkje nok folk innan politi, brann og helse til å ta seg av alle fem millionar nordmenn i det same krisa skjer. Beredskapsaktørane må først hjelpe dei som treng det mest, og folk flest må vente, seier Elisabeth Sørbøe Aarsæther, direktør i DSB til NTB.

For få har beredskapslager heime

Undersøkingar viser at 80% av alle nordmenn veit at ein bør ha eit beredskapslager heime, men bare kring 40% har det. Eit beredskapslager skal innehalde alt frå mat og vatn til artiklar som batteri, varme klede, ved (for dei med vedfyring) og førstehjelpsutstyr.

Vil du vite meir? HER kjem du til DSB si heimeside