Det nærmar seg oppstartsseminar for stadutviklingsprosjekt i Bykle kyrkjebygd!

Det blir skipa til oppstartsseminar med inspirasjonsforedrag og arbeidsverkstad i prosjektet om stadutvikling i Bykle kyrkjebygd på Bykle hotell måndag 14. oktober klokka 18-21.15. Blant bidragsytarar med inspirerande innslag er Tim Davis frå Troll Aktiv og Hind Harira frå Setesdalsmuseet.


 

Tim Davis frå Troll Aktiv kjem til Bykle måndag. - Klikk for stort bileteTim Davis frå Troll Aktiv kjem til Bykle måndag. Ole Birger Lien

Bykle kommune skal gjennomføre ein stadutviklingsprosess i Bykle, det vil seie kyrkjebygda og grendene rundt. Kommunestyret vedtok prosjektplan i mars i år. Bykle kommune sin ambisjon er å få til ei berekraftig stadutvikling, og å operasjonalisere berekraftsmåla i ein småkommune-kontekst. Det betyr å utforme ein strategi med handlingsplan der ein skal kome opp med tiltak og grep å arbeide med og for fram mot 2030.

For alle interesserte

No blir det altså halde eit oppstartsseminar for prosjektet på Bykle hotell 14. oktober. Alle med interesse for satsinga er velkomne.  Ordførar Hans Blattmann helsar velkomen før han og planavdelinga i kommunen greier ut om prosjektet. Bykle næringslag og “Tappen” ved Hege Cecilie Trydal kjem med innlegget “Bykle - bygd av rein kraft”, før Tim Davis i Troll Aktiv tar over. Han har som dei fleste veit bygt opp eit raftingsenter på Syrtveit som lokkar tusenvis av menneske kvart år, og bør ha mange kreative tankar om stadutvikling! Hind Harira kjem frå Setesdalsmuseet og tar for seg kulturarven i eit stadutviklingsperspektiv.

Lokale aktørar

Av andre lokale aktørar nemner me Bjørn Erling Auestad på Bykle hotell og Hedda Helene Schaanning som er innbyggjar. Etter alle innslaga blir det pause med mat før idemyldring og arbeidsverkstad i regi av Agder fylkeskommune.  Ordførar og planavdeling rundar av kvelden.