Det gjekk over 200 porsjonar lapskaus på frivilligfesten på Hovden!
Med stinn brakke og topp stemning er det bare å ta av seg hatten for frivilligfesten på Hovden tysdag - heile samankomsten vart ein demonstrasjon nettopp av det festen skulle handle om - frivillig innsats til beste for det gode bygdelivet!
Mange fekk med seg frivilligfesten på Hovden!
Helga Jacobsen
I Hovden grendehus var det eit yrande liv der kommunen, dei frivillige laga og folk flest samla seg. Med fellesskap og samhandling mellom bygd og grend som raude trådar var det sydd saman eit program for store og små. Ikkje rart Bykle-ordførar Hans Blattmann var blid då han helsa velkomen - frivilligheit og innsats for fellesskapen er grunnmuren i eit lokalsamfunn!
Frå heile dalen
Det kom folk ikkje bare frå Bykle kommune men også frå mellom andre Valle og Vennesla til Hovden for å bli med i feiringa. Alt tok til i kinosalen, der det etter ordføraren sin tale vart presentasjon av dei ulike laga - heile 24 lag deltok på festen! I kinosalen kom også Randi Stensholt med saksofonen, og sikra musikalsk krydder.
Lapskaus til alle
Matøykt vart det også - og det til dei grader! Det for ut 216 porsjonar lapskaus - og mange koste seg med billeg is til dessert.
– Heile kvelden var bare utruleg. Folk kom med så mykje engasjement og glede - det er bare å rette ei stor takk til alle saman, seier leiar i Bykle frivilligsentral, Stine Rambekk Gulowsen.
Så bør ein i eit referat frå ein frivilligfest også gjere litt stas på alle dei som kom som frivillige hjelparar nettopp til frivilligfesten - og med situasjonen i Bykle kommune var det ikkje vanskeleg å skaffe nok folk. Konklusjonen er at det gode bygdelivet i Bykle og på Hovden har mange gode lokale hjelparar!
Publisert 25.09.2025 11:05
Sist endra 25.09.2025 18:21