Dei såg på myr i Bykle kommune

Torsdag 26. september skipa Bykle kommune til fagdag om myr og kulturminne i myr for administrativt tilsette i Bykle men også i dei andre kommunane i dalen og regionalt.

Frå venstre: Snorre Haukalid, Agder Fylkeskommune, Anders Lyngstad, NINA og Nils Ole Sundet, Agder fylkeskommune. - Klikk for stort bileteFrå venstre: Snorre Haukalid, Agder Fylkeskommune, Anders Lyngstad, NINA og Nils Ole Sundet, Agder fylkeskommune. Sigrid Bjørgum

Fagdagen vart skipa til på Bykle hotell, men også med ei synfaring rundt i relevante område som del av opplegget. Anders Lyngstad, forskar i Norsk institutt for naturforsking introduserte myr som tema og tar for seg myr som naturtype i første del av dagen.

– Han såg på både ulik myr, variasjonar og verdiar. Me har engasjert Lyngstad til å hjelpe oss med kunnskapsgrunnlag om myr i forbindelse med ny arealdel til kommuneplan, seier plansjef i Bykle kommune, Signe Sollien Haugå.

Kulturminne

Snorre Haukalid, leiar i kulturvernseksjonen i Agder fylkeskommune, tok for seg temaet myr og kulturminne. Haukalid drøfta også myr, kulturminne og formidlingspotensial i Bykle, før Signe Sollien Haugå og Sigrid Bjørgum i Bykle kommune greia ut om kommuneplanen sin arealdel. 

Bevaring og skjøtsel

Etter lunch var det ut i felt for deltakarane. Ein såg på myr som bevaringsobjekt, skjøtsel, myr og hyttebygging, myr som dyrkingsressurs og myr som kulturminne med tanke på kunnskap og formidling.

Myr er kunst! I alle fall i form av blinkskot som dette, opp mot Vidmyr på Hovden. - Klikk for stort bileteMyr er kunst! I alle fall i form av blinkskot som dette, opp mot Vidmyr på Hovden. Sigrid Bjørgum