Dei første Ukraina-flyktningane ferdige på vaksenopplæringa

Her om dagen var det kakefest i vaksenopplæringa i Bykle! Dei første flyktningane frå Ukraina har fullført programmet sitt.

Kakefest for Ukraina-flyktningar som er ferdige på vaksenopplæringa. - Klikk for stort bileteKakefest for Ukraina-flyktningar som er ferdige på vaksenopplæringa. Sigrid Bjørgum

Difor samla dei seg i lokala til vaksenopplæringa med all mogleg kakesnadder på borda, og koste seg saman med kvarandre og tilsette. Så er det å håpe at dei fleste blir verande i Bykle kommune, og at dei kan skaffe seg ein grei jobb. Skal ein døme etter måten dei har integrert seg på, ikkje minst kor kjapt mange av dei lærte seg å kommunisere på norsk, er det ikkje innsatsviljen det står på!

God stemning rundt bordet. - Klikk for stort bileteGod stemning rundt bordet. Sigrid Bjørgum