Datakafé i Bykle torsdag 20. mars

Torsdag i denne veka er det klart for ein ny runde med datakafé i Bykle. Satsinga er eit samarbeid mellom Vidar Mortensen i Brynje-prosjektet, Merete Egeland i frivilligsentralen og Magnus Løseth Magnússon i biblioteket.

Det er i lokala til vaksenopplæringa på sida av Bykle rådhus at datakaféen blir skipa til. Frå klokka 18-20 skal det handle om gode passord - ein vitskap det, i seg sjølv. Ein kan også få individuell hjelp på spørsmål ein måtte ha knytta opp mot databruk.

– For dei som bur på Hovden og ynskjer å vere med, kan det ved stor pågang bli snakk om å bruke el-bussen, seier Vidar Mortensen i Brynje-prosjektet.

Ein til ein

I tillegg til felles kursing skal Bykle kommune også leggje til rette for ein til ein-rettleiing. 

– Resepsjonen i Hovden grendehus blir førstelinjekontakt for booking anten ved oppmøte, via telefon: 902 16 856, eller på e-post: kultur@bykle.kommune.no . Kurs skal gjennomførast på dagtid i ein prøveperiode, så evaluerer me ordninga i juni, seier Mortensen.