Dagsturhytta og sherpa-stien på Hovden er opna!
Godt over 100 menneske trassa regn og surt ver for å få med seg opninga av dagsturhytta på Hovdenuten og ikkje minst sherpa-stien på veg opp laurdag.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 22.06.2024 16:05
Sist endra 05.07.2024 09:13
Bykle-ordførar Hans Blattmann fekk æra av å klyppe snora og opne den nye dagsturhytta. Til venstre plansjef i Bykle kommune, Signe Sollien Haugå og Sigrid Bjørgum i Bykle kommune.
Alida Mørenskog
I forkant av “festmarsjen” opp langs sherpa-stien til dagsturhytta vart det delt ut kring 100 nistepakker. Etternølarane fekk kan hende ikkje mat, men alle saman, store som små, stimla oppover dei fantastiske trappestega mot den nye og heilt spektakulære dagsturhytta.
Helsingar og festtalar
Vel oppe ved hytta tok eit innhaldsrikt program til. Helsingar og festtalar, snorklypping av Bykle-ordførar Hans Blattmann i dalebukse og med alt på stell, framføring av eiga Bykleheisong skriven av Ola Breivegen, musikalske innslag, dikt frå Hylestad og Bjørg Sissel Tveiten på lur - altså ein vaskeekte bygdefest! Som bileta viser vart heile opningsfesten akkurat den opplevinga både hytta og sherpa-stien fortener!