Dagsenter på heimen i Bykle kvar onsdag

Det blir skipa til dagsenter på bygdeheimen i Bykle kvar onsdag. Dagsenter er ope både for bebuarar og gjester elles.

Det er dagsernter på bygdeheimen i Bykle kvar onsdag. Ole Birger Lien

Ein kan få kjøpt seg både lunch og middag - det er lunch klokka 11.30 og middag klokka 14.30. Den som treng skyss kan få det også. Viss ein treng transport eller vil kjøpe seg mat, må ein ringe og tinge dette på telefon 46841051 - og ein må gjere det tysdagen før.