Dagaktivitetstilbod for demenssjuke

Bykle kommune startar opp dagaktivitetstilbod for personar med hukommelsessvikt eller demenssjukdom. 

Annette Trydal kan svare på spørsmål om dagaktivitetstilbod for demenssjuke i Bykle kommune. - Klikk for stort bileteAnnette Trydal kan svare på spørsmål om dagaktivitetstilbod for demenssjuke i Bykle kommune.

Tilbodet skal bidra til ein meiningsfull kvardag for personar med hukommelsessvikt, med fokus på aktivitet, ernæring, meistringsopplevingar, tryggleik og sosialt samvær. Aktivitetane skal stimulere til å halde ved like funksjonane i dagleglivet. slik at dei som ynskjer det kan bu heime så lenge som råd.

– Tilbodet er først og fremst for heimebuande med hukommelsessvikt. Me tilpassar tilbodet til den enkelte både i høve aktivitetsnivå og meistring, seier hukommelseskontakt i Bykle kommune, Annette Trydal.

Lett tilretteleggjing

Dagaktivitetstilbodet er altså for personar med hukommelsessvikt eller demenssjukdom. Dei aktuelle må ha eit funksjonsnivå som gjer at dei klarar seg sjølv med lett tilretteleggjing, og inntaket er basert på korleis gruppa er sett saman. 

– Eit hovudpoeng må vere at den det gjeld skal ha glede og nytte av aktiviseringa, sier Trydal.

Ynskjer du meir informasjon om tilbodet kan du ringe Annette Trydal på tlf 91641495.

Lenke til skjemaliste der ein finn søknadsskjemaet finn du HER