Compilo vil ha dei som fylgjer Bykle kommune i Civis i tale

Bykle kommune nyttar som dei fleste veit appen Civis til å sende ut nyheitsvarslingar til mobiltelefonen til brukarane. No vil selskapet bak Civis, Compilo, ha brukarane i tale.

Compilo, selskapet bak appen Civis, vil ha brukarar i tale.  - Klikk for stort bileteCompilo, selskapet bak appen Civis, vil ha brukarar i tale.

Bakgrunnen for spørjeundersøkinga som det ligg lenke til i denne saka er at appen Civis er i stadig utvikling. Tilbakemelding frå brukarane er difor viktig. Kva er ein nøgd med? Kva er ein mindre nøgd med? Alle svar kan vere med på å auke kvaliteten på både appen og ikkje minst bruken.

Fort gjort

Er du Civis-brukar og fylgjer Bykle kommune? Då bør du svare på undersøkinga! Det tar bare nokre få minutt, og jo fleire som svarer jo betre grunnlag gjev undersøkinga.

HER er spørjeundersøkinga.