Civis byter namn til Friskus kommune 26. mai!

Meir enn 3500 menneske fylgjer Bykle kommune via nyheitsvarsling i appen Civis. 26. mai byter appen namn til Friskus kommune. Ingen treng å laste appen inn på ny - ein må bare OPPDATERE etter 26. mai. Så er det eit poeng at alle må ha AUTOMATISK OPPDATERING AV APPER aktiv i innstillingane til mobiltelefonen sin. Då skal overgangen til Friskus gå av seg sjølv.

Viss AUTOMATISK OPPDATERING AV APPER er av, må ein inn i App Store eller Google Play og laste inn Friskus-appen. Det er difor mykje meir lettvint å bare sikre at innstillinga om automatisk oppdatering er på. Det gjer ein ved å gå inn på innstillingar, finne appar, gå på App Store eller Google Play - finne App nedlastingar og sjå til at den funksjonen er aktiv.

Skal fungere som før

Appen Friskus kjem til å fungere akkurat på same viset som Civis har fungert til i dag, men med ny logo og nye fargar. Det blir ingen endringar i funksjonalitet, og alle tenester ein har i appen i dag vil ein finne på same stad også etter 26. mai. Bakgrunnen for overgangen er at verksemda Friskus i Voss har teke over ansvaret for appen Civis.