Bykledagen vart ein folkefest i strålande ver!
Med sol frå blå himmel vart Bykledagen no i helga ein skikkeleg bygdefest der også mange utflutte nytta høvet til å kome heim og helse på kjente og ukjente!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 08.09.2025 13:10
Sist endra 08.09.2025 13:10
Mange samla seg då Bykledagen vart skipa til sist laurdag.
Alle foto: Brede Kvist
Frå buldrande vassmengder i Sarvsdammen til open brannstasjon med Bjørnis, til full rulle i Lislestog med folkemusikk, handelsboder, kafé i regi av Bykle Husflidslag, visning av brurestakk, skattejakt, historieforteljing, utstilling og ikkje minst konsert.
Tettpakka program
Eit tettpakka og innhaldsrikt program skuffa ingen. Som bileta viser hadde Bykle Næringslag i samarbeid med Bykle kommune og andre aktørar sydd saman ein dag som ikkje står tilbake for nokon ting!