Bykledagen treng frivillige
Bykledagen blir skipa til laurdag 6. september, og slår finveret til ligg alt til rette for ein skikkeleg bygdefest. Arrangørane går no ut og ber om fleire frivillige.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 27.08.2025 10:27
Sist endra 27.08.2025 14:50
Det trengst fleire frivillige til Bykledagen laurdag 6. september.
Bykledagen
Det er spesielt til den spennande skattejakta for dei yngste og dessutan vertskap i gamle Bykle kyrkje at det trengst folk. Dagen tar til klokka 10 med buldrande vassmengder i Sarvsdammen. Otra kraft DA byr på grillpylser og drikke, og det er samstundes ooen brannstasjon. Kanskje kjem Bjørnis?
Folkemusikk og marknad
Frå klokka 12 er det full rulle i Lislestog med folkemusikk, handelsboder, kafé i regi av Bykle Husflidslag, det blir visning av brurestakk, skattejakt, historieforteljing og utstilling.
Songbird
Klokka 15 er det gratiskonsert med Songbird i Bykle kyrkje. Det er parkering ved Bykle industriområde for dei som vil ned til Sarvsdammen, og ved Bykle kyrkje for besøk i Lislestog. Bykle Næringslag i samarbeid med kommunen og andre aktørar har sydd saman eit program der det bør vere mykje av interesse for store og små. Så er det å håpe på fint ver, så Bykledagen blir akkurat den bygdefesten alle håpar på!
Vil du vere frivillig? Ta kontakt med Lina Dufva på tlf 41330368 eller epost lina@hovden.com