Bykledagen førstkomande laurdag!

No er det bare tida og vegen, det blir mykje spennande for store og små på Bykledagen 6. september!


 

Bykledagen

Dagen tar til klokka 10 med buldrande vassmengder i Sarvsdammen. Otra kraft DA byr på grillpylser og drikke, og det er samstundes open brannstasjon. Kanskje kjem Bjørnis?

Folkemusikk og marknad

Frå klokka 12 er det full rulle i Lislestog med folkemusikk, handelsboder, kafé i regi av Bykle Husflidslag, det blir visning av brurestakk, skattejakt, historieforteljing og utstilling.

Songbird

Klokka 15 er det gratiskonsert med Songbird i Bykle kyrkje. Det er parkering ved Bykle industriområde for dei som vil ned til Sarvsdammen, og ved Bykle kyrkje for besøk i Lislestog. Bykle Næringslag i samarbeid med kommunen og andre aktørar har sydd saman eit program der det bør vere mykje av interesse for store og små. Så er det å håpe på fint ver, så Bykledagen blir akkurat den bygdefesten alle håpar på!