Som ei ekstra påminning om Bykledagen i morgon legg me her ut plakata for dagen. Med fint ver i vente bør dagen bli ei flott oppleving for store og små!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 05.09.2025 08:27
Sist endra 05.09.2025 08:27

Dagen tar til klokka 10 med buldrande vassmengder i Sarvsdammen. Otra kraft DA byr på grillpylser og drikke, og det er samstundes open brannstasjon. Kanskje kjem Bjørnis?
Folkemusikk og marknad
Frå klokka 12 er det full rulle i Lislestog med folkemusikk, handelsboder, kafé i regi av Bykle Husflidslag, det blir visning av brurestakk, skattejakt, historieforteljing og utstilling.
Songbird
Klokka 15 er det gratiskonsert med Songbird i Bykle kyrkje. Det er parkering ved Bykle industriområde for dei som vil ned til Sarvsdammen, og ved Bykle kyrkje for besøk i Lislestog. Bykle Næringslag i samarbeid med kommunen og andre aktørar har sydd saman eit program der det bør vere mykje av interesse for store og små. Så er det å håpe på fint ver, så Bykledagen blir akkurat den bygdefesten alle håpar på!