Frå venstre, Hanna Auestad, Bykle hotell, Åshild Bryggeså, Bykle vaskeri, og Vidar Mortensen frå Brynjeprosjektet som følgjer opp vaskeriet på vegne av Bykle kommune.
Bykle kommune
– I samband med Miljøfyrtårn-sertifiseringa vår, og etter samtalar med Bykle vaskeri, fann me ut at tida var inne for eit samarbeid, seier Hanna Auestad, som driv hotellet saman med mannen Bjørn Erling.
Bykle hotell er den første kommersielle kunden for Bykle vaskeri.
– Me har vaska for Bykleheimen eit års tid, men det var på tide å få inn ein kunde frå næringslivet. Me gler oss over at Bykle hotell ser verdien i å handle lokalt, og ser at me er ein profesjonell aktør, seier driftsleiar i Bykle vaskeri, Åshild Bryggeså.
– Meir fleksibelt
Hanna Auestad er nøgd med lokal avtale.
– Dette er meir fleksibelt for oss. I høgsesong kan det vere snakk om 150 sengesett som skal vaskast kvar veke. No kan me tilpasse bestillingane på vask mykje meir ut frå belegg og i siste liten-bookingar, som det er mange av om sommaren. I tillegg til at miljøet vinn på kortreist vask, kan me spare ein del på transportkostnader, seier ho.
– Ikkje minst er tøyet no mjukare enn med forrige leverandør! seier ho nøgd.