Bykle ungdomsråd på konferanse i Åseral

Nyleg var Bykle ungdomsråd i Åseral for å treffe andre samfunnsengasjerte unge frå dalen til konferansen PIS - Psyke i sentrum. Samlinga handla først og fremst om utanforskap og ikkje minst korleis dette samfunnsproblemet kan bekjempast.

Eit knippe av dei i Bykle ungdsråd som tok turen til Åseral. Frå venstre Torjus Aasen-Bakken, Isak Trollsås Egeland, Tord Helgasson Bjønnes, Oline Østvold Haugsgjerd og Sol Thrane Bye. Even Fredriksen

Organisasjonen Wayback deltok, og prata om rus og krininalitet i foredraget “Kriminelle sin vei tilbake til livet”. Simen Almås sitt foredrag “Positiv endring” handla om då han vart brannskada som ung og kirleis han har kjempa seg tilbake frå det. Organisasjonen Dembra sitt foredrag “Demokratisk beredskap og inkludering” tok også for seg omgrepet utanforskap.

Vertar frå Åseral

Det var ungdomsrådet i Åseral som skipa til samlinga. Det kom unge frå både Setesdal og indre bygder. Eit tettpakka program gav dei lokale ungdomane påfyll med tanke på å aktivt forebyggje utanforskap i eigen kommune - og tilbakemeldingane tyder på at dette aktuelle temaet hadde stor interesse.