Bykle sterkt til stades under Arendalsveka

Arendalsveka har gått og går føre seg denne veka, og Bykle kommune markerer seg i folkehavet i kystbyen!

Bykle-ordførar Hans Blattmann er ein populær kar i folkevrimmelen under Arendalsveka! Bykle kommune

Mellom debattar og politiske minglemøte, informasjonsarbeid og sosiale lag, der er Bykle kommune med. Med eigen stand for å fortelje om alt det som går føre seg i kommunen øvst i dalen - og det er ikkje lite, til ein ordførar Hans Blattmann som gjer det han kan for at alt det flotte i øvre Setesdal skal få kome til sin rett, har mange fått med seg delegasjonen frå Bykle. Skal ein døme etter interessa i Arendal så lovar det godt for vidare positiv utvikling i Bykle kommune!

Plansjef i Bykle kommune, Signe Sollien Haugå, på kommunen sin stand under Arendalsveka. Bykle kommune