Bykle skule på folkemusikkdag på Setesdalsmuseet
Saman med skuleelevar frå Valle og Bygland fekk 9. klasse ved Bykle barne- og ungdomsskule nyleg vere med på folkemusikkdag på Setesdalsmuseet på Rysstad.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 02.05.2025 12:12
Sist endra 02.05.2025 12:12
Gangaren går!
Eivind Andre Moe
Elevane fekk høyre hardingfele og munnharpe, dei fekk sjå korleis ein smier ei munnharpe, dei fekk testa seg på musikk-quiz med tema kvedarar og spelemenn i Setesdal, og dei fekk endåtil lage hardingfele - i papp..
Alle dansa gangar
Den folkemusikalske dagen vart avslutta med at alle dansa gangar. Eit sprekt og morosamt innblikk i folkemusikk og tradisjon for interesserte 9. klassingar!
Spelemann Daniel Sandén Warg i full sving.
Eivind Andre Moe