Bykle skule markerer verdsdagen for Downs syndrom

I dag torsdag 21. mars er verdsdagen for Downs syndrom. Det blir markert på Bykle skule.

Fargerikt på Bykle skule i høve vedrsdagen for Downs syndrom. - Klikk for stort bileteFargerikt på Bykle skule i høve vedrsdagen for Downs syndrom. Bykle skule

Der har kvar einaste elev frå 1. til 10. klasse troppa opp på skulen med sokkar i ulike fargar på seg! Som støtte til den viktige dagen er det altså både kreative og ikkje minst fargerike uttrykk i sving! 

Støttar mangfaldet

Bakgrunnen for verdsdagen er mellom anna å støtte mangfaldet me alle er ein del av. Temaet for dagen i år er å knuse fordomar. Kvart år blir det født 70-80 born i Noreg med Downs syndrom.

Vil du vite meir om Downs syndrom og verdsdagen? Då kan du sjå HER