Bykle sjukeheim inviterer til middag jolaftan

Det blir smakeleg på Bykle sjukeheim jolaftan, med middag både for bebuarar men også andre i kommunen som vil vere med.

Kjøkkensjef Espen Mikkelsen ved Bykle sjukeheim håpar at mange vil kome og smake den gode jolematen på heimen jolaftan. - Klikk for stort bileteKjøkkensjef Espen Mikkelsen ved Bykle sjukeheim håpar at mange vil kome og smake den gode jolematen på heimen jolaftan. Ole Birger Lien

Klokka 17 sessar alle seg rundt bordet og kan nyte fisk og spa, dessert og kaffi. Aldeles gratis, også for dei som ikkje er tilhøyrande på heimen til vanleg.

– Det er rett og slett plass til alle som ynskjer å feire med oss, seier Bente Jorunn Trydal i pleie- og omsorg i Bykle kommune.

Må ringe kokkane og seie frå

Så seier det seg sjølv at dei som skal stå for kokkeleringa jolaftan må vite kor mange dei skal lage mat til. Difor må ein melde seg på - og det gjer ein enkelt ved å ringe kjøkkenet på tlf 46841051 innan 15. desember. Den som måtte ha behov for skyss må seie frå også om det når ein melder seg på - så blir transport til og frå ordna opp i!