Bykle rådhus samla i sorga

Det er stille i Bykle rådhus. Den daglege drifta må kan hende gå sin gang - men stemninga er avdempa. Bortgangen til tidlegare ordførar Jon Rolf Næss har gjort eit sers sterkt inntrykk på oss alle i organisasjonen Bykle kommune.

Han var ordførar i Bykle kommune frå 2011 til 2022. Før det ein synleg og markant person i lokalsamfunnet - og heile tida med eit vesen og ein veremåte som gav så mange slag positive utslag. Som ordførar var han eit kraftsenter i rådhuset. Blid, interessert og omgjengeleg - han såg alle, og var sers glad i medmenneska og alle dei han arbeidde saman med. 

Jon Rolf leika i møte med menneske. Han prata, lo, smilte og batt band som ikkje ein gong døden kan bryte - difor er det først og fremst takksemd og respekt som sit att hjå alle oss som var så heldige at me fekk oppleve og arbeide med han. Me er med dei etterlatte i sorga - og kan bare seie takk.

 

                                                                                                                                                   Kvil i fred.

                                                                                                                                         Tilsette i Bykle kommune