Bykle på topp i Agder i TV-aksjonen!
Byklarane var rausast av alle i Agder under årets TV-aksjon til inntekt for Barnekreftforeningen! Med 256,34 kr. frå kvar einaste byklar er det ein solid førsteplass i fylket som vart nr. 10 på landsbasis.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 21.10.2024 10:27
Sist endra 21.10.2024 10:27
Merete T. Egeland (t.v.) og Bjørg Vatnestrøm i gang med å telje pengar i Bykle, som var rausaste kommunen i Agder i TV-aksjonen i år.TV-aksjonen i år har til no resultert i nesten 367 mill. kr. I Agder er det samla inn i underkant av 20 mill. kr. I Agder er snittet per innbyggjar 62,65 kr.
HER er alle resultata for Agder
Troms på topp
Nasjonalt ligg Troms fylke på topp med 89,3 kr. per innbyggjar. Beste kommune i landet er Rødøy i Nordland med heile 2311,46 kr. per innbyggjar.
HER er dei nasjonale resultata
– Eit knallresultat, og det kjem fordi så mange gode krefter har jobba saman mot dette. Eg er beint og greitt stolt av alle saman, seier leiar i levekårsutvalet i Bykle kommune, TV-aksjonskomite-leiar Thor Bernhard Sagland.
Kan enno gje
Så er det framleis råd å gje til innsamlinga, både for private og ikkje minst næringslivet. Her er viktige tal:
Vipps: 2133
Kontonummer: 8380 08 09005
Kontonummer ved bestilt faktura med KID: 1503 60 97431
SMS med kodeord TVA til 2133 (300 ,-)