Bykle på beredskapskurs i Kristiansand
14 kommunar er samla til beredskapskurs i Dyreparken i Kristiansand onsdag og torsdag i denne veka. Bykle har sendt ein sterk delegasjon.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 28.08.2024 09:24
Sist endra 28.08.2024 09:24
Tilsette i Bykle og Valle samla til beredskapskurs i Kristiansand.
Ole Birger Lien
Utan å gå i detalj tar kurset for seg dei aller fleste tema som handlar om beredskap. “Me møtes i fredstid”, som kurshaldarane seier det.
Skal vere godt budde
Heile poenget med beredskap er den kompetansen ein håpar at ein aldri skal få bruk for.
– Me øver stadig på ulike tenkte hendingar. Målet er at den dagen det verkeleg gjeld, så skal rutinane våre fungere. Å treffast slik med andre kommunar er også nyttig. Ulik kompetanse møtest, slår beredskapskoordinator i Bykle kommune, Vidar Johnsen, fast.