Bykle på Agder-toppen i TV-aksjonen sundag
TV-aksjonen 2025 har til no fått inn snart 239 mill. kr. Svalbard er den rausaste gjevaren basert på innbyggjartal med 473 kr., med Utsira som ein solid nr. 2. Bykle ligg på topp i Agder og er nr. 7 på den nasjonale lista.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 20.10.2025 11:23
Sist endra 20.10.2025 12:53
Eit knippe av dei mange frivillige i Bykle sundag. Frå venstre: Luza Sein, Jael Sein, Oda Haugen og May Linn Haugen.
Monica Wathne
På landsbasis har kvar einaste nordmann gjeve 43 kr. i årets innsamling. Agder ligg på ein 5. plass nasjonalt med eit snitt på 45,63 kr. I Agder er altså Bykle kommune nr. 1 med eit snitt på 204 kr. På lista i Agder finn ein Sirdal på 3. plass, Åseral på 4. plass, Iveland på 5. plass og Valle kommune på 6. plass.
Mange arrangement
Alle arrangementa i Bykle kommune før TV-aksjonen, og ikkje minst innsatsen til alle dei frivillige sjølve aksjonsdagen, har altså gjeve gode resultat for Bykle kommune. I forkant av innsamlinga har skuleelevar og barnehagar engasjert seg i ulike tiltak for å skaffe pengar til Atlas-alliansen.
– Dei fine resultata for Bykle kommune, og landet rundt, gler meg veldig. Spesielt må eg få peike på leiar i frivilligsentralen i Bykle kommune, Stine Rambekk Gulowsen, som har gjort ein formidabel jobb. Ei stor takk til alle som har langt ned ein innsats, seier Bykle-ordførar Hans Blattmann.
Like til topps på Hovdenuten kom det bøsseberar sundag - her Atle Egeland i luftig positur.
Merete Egeland
Kake og kaffi vart det på store og små frivillige.
Hans Blattmann
Anja Holmeide (t.v.) og Monica Wathne delte ut og tok imot bøsser.
Hans Blattmann