Bykle på Agder-toppen i Norsk kulturindeks frå Telemarksforskning
Norsk kulturindeks er ei årleg oversikt over kulturtilbod og kulturaktivitetar i kommunane i Noreg. Oversikta har kome ut i regi av Telemarksforskning sidan 2011. Bykle kommune skårar best i heile Agder.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 15.11.2024 13:57
Sist endra 15.11.2024 13:57
I undersøkinga ser ein på alt frå konsertar og andre kulturarrangement til tilsette i kultursektoren og ei heil rekke faktorar. I Agder er altså Bykle kommune på førsteplass, med Kristiansand på andreplass og Valle på tredje.
Årets kulturkommune i Noreg fleire gonger
Også andre undersøkingar har dei siste åra vist at kultursatsinga i Bykle kommune betalar seg. Kommunebarometeret har fleire gonger kåra Bykle til årets kulturkommune i Noreg.