Bykle-ordføraren vitja Setesdal Elektro

Nyleg vitja Bykle-ordførar Hans Blattmann saman med næringsapparatet i Bykle kommune verksemda Setesdal Elektro i Bykle. Der fekk dei høyre om ei verksemd med nok å gjere, og som har gjort “småoppdrag” til ei eiga nisje.

Vitjing i Setesdal Elektro. Frå venstre: ordførar Hans Blattmann, Bjørgulf Nesland, Tor Gjerden og næringsrådgjevar i Bykle kommune Nils Johan Markus Lund. - Klikk for stort bileteVitjing i Setesdal Elektro. Frå venstre: ordførar Hans Blattmann, Bjørgulf Nesland, Tor Gjerden og næringsrådgjevar i Bykle kommune Nils Johan Markus Lund. Signe Sollien Haugå

Verksemda med tre-fire tilsette, vart oppretta i 2005. Omsetninga er kring fire mill. i året. Setesdal Elektro tar i liten grad del i store anbod, men har altså meir enn nok å gjere og gode oppdragsreservar. Høgsesongen er frå september til påske, men året rundt sviv det altså greitt.

Nøgde med næringsbygg

Tor Gjerden og Bjørgulf Nesland i Setesdal Elektro peika på næringsbygget på Sarvsnetten som eit godt kommunalt tiltak, og streka under at ENØK-ordninga og innrettinga av støttenivå til dei som treng ENØK mest har fungert godt. I møtet vart mellom anna vidareutvikling av næringsbygg i Bykle og forretningsbygg med leilegheiter drøfta. Tanken er at kjem eit slikt bygg på plass kan både butikk og bensinstasjon få plass der. Ordførar Hans Blattmann, varaordførar Merethe Hjemdahl og næringsapparatet i Bykle kommune fekk mange gode innspel med seg på vegen vidare.