Bykle-ordføraren trefte forsvarsministeren på Kjevik og Evjemoen

Måndag i denne veka kom forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) til Kjevik og Evjemoen for å presentere regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. Det var naturleg nok budsjett for forsvar generelt og Agder spesielt det handla om, og Bykle-ordførar Hans Blattmann nytta høvet til å få statsråden i tale om aktuelle problemstillingar i Setesdal.

Bykle-ordførar Hans Blattmann deltok på møte med forsvarsminister Bjørn Arild Gram (i midten) på Kjevik og Evjemoen måndag. - Klikk for stort bileteBykle-ordførar Hans Blattmann deltok på møte med forsvarsminister Bjørn Arild Gram (i midten) på Kjevik og Evjemoen måndag.

Blattmann var til stades både som Bykle-ordførar men også som styreleiar i Setesdal regionråd. Det var alt kjent at forsvaret vil legge befalsutdanninga til Kjevik og at HV-07 skal reetablerast med base på Kjevik. Etableringa betyr ein ny høgskule i Agder, og skal også nyttast av forsvarets høgskule i periodar.

– Frå Setesdalsregionen er me opptekne av at Evjemoen og infrastrukturen der skal styrkast. Så lenge aktiviteten aukast er ambisjonen at det blir etablert ein lokal stab for skytefeltet, seier Blattmann.

Han strekar under at målet er å nytte såkalla “grå areal”, det vil seie areal som alt er i bruk i staden for å breie seg ut på nytt areal i Agder eller andre stader.

– Det russiske åtaket på Ukraina har endra Europa. Me ser auka forsvarsbudsjett i land etter land, og me er nøgde med at ein skal satse også i Agder. Infrastruktur og geografi på Evjemoen styrkar området som satsingsområde, meiner ordføraren.

På Evjemoen

Forsvarsministeren var på Evje for første gong for å få ei omvisning på Evjemoen og ikkje minst ei orientering om kva ein kan få til med infrastrukturen som alt er der, og potensialet i ei styrking av leiren.

– Setesdalsregionen stør opp om Evje og Hornnes sitt arbeid for å få til ein “skytesenterhub” på Evjemoen. Gode øvingsområde er heilt avgjerande for å styrke forsvarsevna og førebu oss på eit eventuelt åtak i framtida, seier Blattmann.

Han tok også opp problematikken kring Forsvarsbygg sine planar om utplassering av varselsskilt i austheia i Bykle i nasjonalt villreinområde.

– Me ynskjer at forsvaret skal få øve, men me ynskjer ikkje desse varselskilta. Dette vart også støtta av Statsforvaltar i Agder, Gina Lund. Ho streka under at ein må vise større omsyn til villreinen, og det noterte forsvarsministeren seg og ville bringe det vidare, seier Hans Blattmann.